30. des. 2008

Godt nyttår! - og gode lesetips.



Lesehulen
"Søkemotor" i jakten på den gode boka. Velg sjanger - og velg blant forslagene. Animerte bøker med høgtlesing gjer deg lyst til å lese vidare. Spel.




Litteratur 1. - 4. årstrinn
Her finn du lenker til aktuelle bøker fra 1. til 4. klasse. Her fins også omtaler av bøkene.




Litteratur 5. - 7. årstrinn
Her finn du lenker til aktuelle bøker fra 5. til 7. klasse, i tillegg til omtaler av bøkene.



Litteratur 8. - 10. årstrinn
Her finn du lenker til aktuelle bøker fra 8. til 10. klasse. Du finn òg omtaler av bøkene.

19. des. 2008

God jul!



Pedagogisk senter ønskjer alle ein riktig god jul!


Takk for godt samarbeid i året som snart er slutt.


Vi sjåast i januar!


17. des. 2008

Klassesett til grunnskulen



Pedagogisk senter har eit bredt utval av klassesett til grunnskulen, og mange lærare er flittige brukarar av desse. Det mange ikkje veit, er at fylkesbiblioteket òg har klassesett som alle grunnskular i fylket kan låne.

Utlån frå fylkesbiblioteket skjer direkte mellom lærar/skule og fylkesbiblioteket - ikkje via pedagogisk senter. Ped.senteret får desverre ikkje låne derfrå.

15. des. 2008

Anne- Cath. Vestly (1920-2008)


Anne- Cath. Vestly 1920-2008.

I dag kom nyheita om at Anne Cath. Vestly er død, 88 år gamal.

Anne-Cath. Vestly er mest kjend for bøkene om «Mormor og de åtte ungene,» som gav ho tilnamnet «heile Noregs mormor.» Ho spelte sjølv rolla som mormor i filmatiseringa av bøkene.

Andre kjende bøker «Ole Aleksander Filibom-bom-bom», «Knerten og lillebror» og bøkene om Aurora og Guro. Ho skreiv bøkene sine sett frå barna si synsvinkel, og skildra deira oppleving av verda. Vestly skreiv over femti barnebøker som er oversett til ei rekke språk.

Vestly var -og kjem alltid til å vere- ein av Noregs viktigaste barnebokforfattare, høgt elska
av både store og små.



11. des. 2008

Prosjekt Leselyst mot slutten..


Grunnskulane i Fjell er med tida blitt vel kjende med Prosjekt Leselyst, eit opplegg for 4. - 7. klasse som alle skulane kvart år kunne melde seg på og få låne bokkasser frå pedagogisk senter. No har produsenten avslutta dette prosjektet, så det vil ikkje bli fornya meir. Pedagogisk senter vil tilby skulane det same opplegget som vi har no til det er "oppbrukt". Det vil seie at om det blir for mykje manko ved tilbakelevering frå skulane, så vil det ikkje vera mogleg å skaffe nytt. Difor vil dette tilbodet etter kvart diverre forsvinne...

Rådgjevingsgruppe for fysisk aktivitet i skulen


Kunnskapsministeren har etablert ei rådgivingsgruppe som skal gi faglege innspel til korleis elevane kan auke den fysiske aktiviteten sin i skulen.

I budsjettet for 2009 har regjeringa lagt fram eit forslag om å auke veketimetalet i grunnskulen med to timar knytte til fysisk aktivitet. Forslaget er no på høyring, og endringane skal etter planen gjelde frå hausten 2009.

Les meir her.

3. des. 2008

Halvvegs i den første desemberveka




Skuleposten som skulle vore ute på skulane forrige torsdag, vart levert seint (men godt!) måndag denne veka. No er vi alt halvvegs i den første desemberveka, og i morgon er det tid for ny skulepost igjen.

Om du skulle trenge julebøker- musikk- eller filmar, så har både ped. senteret og biblioteket godt utval av slikt. Ring eller send e-post om du vil vi skal leggje av noko til deg - eller kom innom! :-)

28. nov. 2008

Skuleposten er utsett til over helga.



Til dei av dykk som framleis ventar på skuleposten
må eg beklage og sei at det ikkje vert utkøyring før over
helga...

Men hugs at det er mulig å hente materialet her på pedagogisk
senter!

God helg!

27. nov. 2008

Skuleposten kjem ikkje i dag!

Då vår trufaste sjåfør er sjuk i dag, vert det ikkje
utkøyring av skulepost i dag.
Det vert utkøyring i morgon eller måndag.
Om det hastar for nokon å få materialet sitt,
så står det klart her på pedagogisk senter og kan hentast!

Ha ein fin torsdag!




Foto: Anne Mette Lie

25. nov. 2008

Endeleg eigen nettside!




Pedagogisk senter gratulerar seg sjølv - og alle pedagogar i Fjell kommune med eigen nettside!

Har du nyttige lenkar du meiner bør liggje her, tips og ideer til materiell ped.senteret kan kjøpe inn eller eit kvart anna du vil fortelje, så ta gjerne kontakt!

Du treng ikkje ha eit mål og ein meining med eit besøk på ped.senteret - det er både nyttig og hyggeleg med litt pedagogisk drøs, så kom gjerne innom!

Vi snakkast!