28. mai 2010

Det nye arbeidslivsfaget - vi er godt i gong!

På landsbasis har 16 skuler starta eit forsøk med eit nytt fag på ungdomstrinnet; arbeidslivsfag.
Faget er eit tilbok til alle elevar på 8.trinn på desse skulane. Målet er å skape eit ungdomstrinn som tek betre hensyn til at alle elevar er ulike.

I går vitja 8.klasse ved Ulveseth skule Marine Harvest sitt oppdrettsanlegg utanfor Angeltveit.

Forsøksskulane skal ha stor innvirknad på innhaldet i faget, og her i Fjell samarbeider pedagogisk senter
og Gode Sirklar med dei tre ungdomsskulane om utviklinga i faget. I denne fasen handlar det mykje om 
å sjå korleis elevane responderar på desse korte bedriftsbesøka og om å etablere kontakt 
med lokalt næringsliv.

Det er slutt på den tida då dei ansatte på fiskeoppdretta fora laksen for hand.
Fiskematen fyk ut til merdene gjennom desse slangane..

Tanken er at elevane skal jobbe praktisk med arbeidsoppgåver henta frå yrkesfaglege 
utdanningsprogrammer i vidaregåande opplæring tilpassa ungdomstrinnet. Vår tanke er at denne
opplæringa skal foregå i tett samarbeid med dei lokale bedriftane.

Laksen er plassert i merdene etter størrelse... Den største og eldste fisken i den ytterste merden,
den yngste innerst..

Forsøket vert gjennomført av Utdanningsdirektoratet på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.
Ved avslutninga av forsøket i 2013 vil det bli vurdert om dette skal bli eit obligatorisk fag 
for alle ungdomsskular.

No går det 18 tonn for ut til laksen kvart døgn. På det tidspunktet kor fisken er størst kan 
det gå opp mot 40 tonn (!) for i døgnet!

Vi fekk høyre om lusetelling og lakserømming... og om korleis det er å arbeide på oppdrettet
når det er uvèr og sjøen står over merdene..

Merdene vert nøye overvaka inna frå.

- og korleis får ein eigentleg tusenvis at 5-kilos laks avgarde til slakting....?
Og kor langt ned i sjøen går merdene.....?
Det veit vi no!

Elevane dokumenterte ved å filme og ta bilete - noko som heilt klart slo
meir ann enn det å skrive stikkord i skriveboka!

Det er kamera innstallert på 10 meters djupa i alle merdene. Slik kan ein 
følgje med på kva fisken gjer på til alle døgnets tider!

På denne tida av året kjem det fòrforsyning kva veke.. Når fisken er større må oppdrettet
ha leveringar to gangar i veka..

Elevane meinte at laksefòret lukta dårleg... eg tykte at det lukta som tørrfòr til hund..
Eit par tøffingar våga seg på smaksprøve!

Timetalet i dette faget vil vere 227 årstimar over tre år - same omfang som for 
framandspråk og norsk/ engelsk fordjupning.

I tillegg vitja vi MS Siglar som låg i land ved kaien på Vindenes... Tema for dagen var "Året rundt",
og elevane fekk høyre om kva som gjekk for seg på både lakseoppdrettet og ringnotsnurparen gjennom
eit arbeidsår. Om to veker skal pedsenteret og Gode Sirklar vitje klassen og sjå korleis dei har
arbeidd i etterkant av desse bedriftsbesøka, og kva dei tenkte kring desse. Attmeldingane frå
elevane vil ha betydning for korleis vi legg opp arbeidet vårt vidare.


Takk til Marine Harvest og skippar og mannskap på Marine Harvest for god 
mottaking! Vi ser fram til vidare samarbeid!

4. mai 2010

Ny nettverkssamling for skulebibliotekansvarlege!


Onsdag 5.mai vert det nettverksamling på Landro skule
kl. 14:15. ( Den siste samlinga i dette skuleåret!)
Om du enno ikkje har meldt deg på, så send gjerne en e-post
og meld deg på slik at vi veit kor mange vi skal koke kaffi til :-)

(Men det er aldeles lov å dukke opp uanmeldt!)

Denne gongen vil Eilin Skare frå Fjell Folkeboksamling vere med oss. Ho vil snakke
litt om barnebøker og har med seg både litt forskjellig ho vil vise oss.
Om du sjølv har ei bok å anbefale, så ta ho med!


Velkomen!




3. mai 2010

Teikneseriar på nynorsk!

denne nettstaden finn du teikneseriar på nynorsk! 
Her kan ein også lære å lage teinkeseriar, og i tillegg finst det mykje info om teikneseriar
og lenkar til andre, kjekke nettstader som handler om teikneseriar!