26. aug. 2009

Læreverket Multi komplett!




Endeleg har pedagogisk senter eit fullstendig læreverk i matematikk
for 1-7 trinn. Dei ulike forlaga tar seg god tid med å utgje lærebøker
etter den nye læreplanen, så difor har det vore fleire "hol" i rekkja
av lærebøker både her og ute i skulane.

Multi er nå på plass på hylla og kan tingast via e-post eller telefon.
(det er sjølvsagt òg mogleg å kome innom og hente det ein måtte ha bruk for! :-) )

Tips! Dei fleste nye læreverka har no kjekke og nyttige heimesider som kan nyttast av både lærar og elevar. Ofte kan ein finne oppgåver og anna som ein ikkje finn i bøkene, men som er knytta til innhald.

21. aug. 2009

Skolelydbok - Huseby kompetansesenter

Fleire lærarar har etterlyst skuleverk på lydbok.
Her kan de lese meir om korleis dette er å få tak i.

Klippa frå nettstaden til Huseby kompetansesenter:

"Huseby kompetansesenter har ansvar for produksjon og distribusjon av tilpassede lydbøker for grunnopplæringen. Det tilbys utlån av bøker til synshemmede elever, lesehemmede elever samt elever med nedsatt førlighet.Lydbøkene distribueres i DAISY-formatet, et lydbokformat som tilbyr meget gode muligheter for navigasjon i lærestoffet."

20. aug. 2009

Velkomen til nytt skuleår!


Velkomen til pedagogisk senter!
Ped.senteret ligg i store, lyse lokaler innerst i biblioteket på Sartor Senter,
og er eit ressurstilbod til alle som arbeider i skule, barnehagar eller med
anna opplæring her i Fjell kommune.

Her finn du skulemateriell av mange slag: skuleverk, fagbøker, spesialpedagogisk
materiale, skjønnlitteratur (eg lagar klassebibliotek om du ønskjer det!), filmar, lydbøker og mykje meir! Skal du til dømes ha eit aktiv uteår med elevane dine..? Då kan du låne lavvo, gapahuk, gps`ar, fotoapparat og bålpanne.
Skal de til sjøen? Ta med håv, luper, bøtter og bestemmelsesdukar for smådyr.

Kom gjerne innom for ein kikk og ein prat! Er det noko du ønskjer at ped.senteret skal kjøpe inn?
Send tipset på e-post! Tingingar kan òg skje via e-post (pedagogisksenter@fjell.kommune.no).
Vi køyrer materiellet ut til skulen din, og henter det når du er ferdig med det...

Helsing Anne Mette