30. nov. 2009

Ver grei og forny låna dine om dei er i ferd med å gå ut på dato!



No står desember for døra med sine travle veker; juleavslutninar, kalendertrekking,
adventsstakar og pepperkakar.
Kanskje vert det også litt rydding både i klassrommet og på pulten til læraren....?
Då er det slik at materiale lånt frå pedsenteret trygt kan sendast tilbake med skuleposten
som går kvar torsdag. Legg posten frå deg i administrasjonen på skulen /bhg din, tydeleg
merka med "pedsenter", og så vil materialet bli innlevert.

Det er mogleg å låne ting over juleferien, men ver greie å be om fornying slik
at det ikkje vert raude tal på lånekontoen dykkar og utolmodige lærarkollegaer på venteliste :-)

Måtte desember bli ein triveleg månad for oss alle!

25. nov. 2009

Nytt klokkeslett på nettverkssamlinga for skulebibliotekarar!



Eg gler meg til vårt første skikkelege nettverksmøte for
skulebibliotekarar som går av stabelen i dag! :-)

Nytt klokkeslett: 14:15

For dei som ikkje hugser heilt, så skal vi altså møtast i
biblioteket på Ågotnes skule kor Rose vil ta i mot oss.

Vi sjåast!

13. nov. 2009

Veke 47 vert...



... ein stille veke her pedsenteret.
Eg er på konferanse heile veka og senteret vil difor vere ubetjent.
Men du kan likevel kome og låne med deg bøker og materiell!
Har du tinga lånekort kan dette hentast i skranken på biblioteket.
Har du ikkje lånekort får du også ordna dette i bibliotekskranken.

(NB! Det er kun digitalt utlån på pedsenteret no!)

Skuleposten går som vanleg - men det er kun tingingar som kjem
i løpet av denne fredagen som kjem med.

Ha ei fin veke!