26. mars 2010

Noreg på verdstoppen i lesing og 2010 er nasjonalt leseår!



 NTB kunne i går melde om at Noreg er på verdstoppen i lesing.93% av alle nordmenn
over 15 år las ei eller fleire bøker i 2009. Heile 40% leser meir enn ti bøker i året.

Kvar veke går det kassevis med bøker ut til skulane her i Fjell. Veldig bra!
Ønskjer du å få eit klassebibliotek til din klasse, så send ein mail til
pedagogisksenter@fjell.kommune.no
Du kan sjølvsagt kome med ønskje om kva for bøker du vil ha. Kanskje har
elevane eigne ønskjer....?


17. mars 2010

Klassesett


Eg får stadig spørsmål om klassesett (med like bøker til ein heil klasse). Dette har eg lite av her
på pedsenteret. Klassesetta her er satt saman av ulike bøker, eller evnt. at tre og tre bøker i kassen
er like.

Men fylkesbiblioteket har klassesett til utlån for grunnskulen, og det trur eg er ein ressurs vi her i Fjell
kan bli enno flinkare til å nytte!