30. okt. 2009

Nettverkssamling for skulebibliotekarar!



Velkommen på nettverkssamling for skulebibliotekarar på Ågotnes skule 25.11 kl. 13.30- 15.30
Vi møtast i biblioteket! :-)

Forslag til kva vi skal ta for oss denne dagen kan sendast på e-post til anne.lie3@fjell.kommune.no

Vel møtt!

22. okt. 2009

d & b: Del det du har, bruk det du får.




"Del og bruk 09 er eit nettverk for pedagogar, forskarar, byråkratar, bibliotekarar og andre med interesse for sosial web, IKT og skole. Del, øk og bruk din digitale kompetanse. Sammen er vi smartere!" (http://delogbruk.no)

Denne portalen er oppretta på privat initiativ av Ingunn Kjøl Wiig, norsklektor på Sandvika vgs. Målgruppa er lærarar, pedagogar, bibliotekarar og andre med tilknyting til skule og utdanning.
Mange av medlemane er framragande pedagogar og ressurspersonar innan sine fagfelt, og interessert i korleis IKT kan brukast på ein god måte i læringsarbeid.

Denne portalen blir det deltakarane gjer han til. Her kan du finna - og ikkje minst bidra med- gode ressursar.

Sjå innom: http://delogbruk.no

(Det er lov å berre kikka innom òg, ein treng ikkje nødvendigvis å registrera seg)

21. okt. 2009

Nye kulturfondbøker på veg til skulebiblioteka!

Ei ny ladning bøker for barn og ungdom er på veg til skulebiblioteka,

og kjem ut til dykk med skuleposten i morgon. Forsøk gjerne å få bøkene

på hylla ganske kjapt. Kva med å lage ei lita utstilling med desse nye bøkene?

Ta kontakt om du treng

hjelp til katalogisering eller anna! Lukke til!





12. okt. 2009

Digital sjølvbetjening!



Endeleg er det digital sjølvbetjening på pedsenteret!
Ved hjelp av eit lånekort og ein strekkodelesar plingar du bøkene
dine så lett som ingenting, og du slepp å sirleg føre opp alle låna dine
i ringpermen vi har nytta til no.

Mange har tinga lånekort allereie. Om du òg ønskjer lånekort, så
send meg ein e-post! Lånekorta må hentast ut her på pedsenteret.
(eller i bibliotekskranken om pedsenteret er ubetjent)

ALLE må altså ha eige lånekort for pedsenteret! (og nei... det hjelper
diverre ikkje om du alt har lånekort for biblioteket..) :-)

7. okt. 2009

Fantasyprosjekt og flott bibliotek!

Då har fantasyprosjektet vore på utlån for første gong hos
6. klasse på Knappskog skule. Det kunne nok ha vore enno fleire lettlestbøker,
noko som seier at prosjektet kanskje passar best for 7. trinn og oppover.
Men dette kan løysast ved at pedsenteret sender ved nokre ekstra bøker saman med
prosjektet, så prosjektet kan heilt fint gjennomførast på dette trinnet òg.

Utover det var det berre positive tilbakemeldingar.
Klassen innførte Lesekvarten den månaden dei låne prosjektet
- og fekk inn så gode rutinar at dei fortsetter med det. Fleire av elevane
fekk smaken på fantasybøker og tinga bøker frå pedsenteret. Det er flott!
Målet med leseprosjekt er jo nettopp å vekkje leselyst!

6. klasse laga fin fantasyutstilling i klasserommet.
Mykje betre enn at bøkene vert liggande i kassar på golvet!

Prosjektet består av alle typar fantasybøker: tjukke, tynne, liten skrift,
stor skrift, kjempeskummel og ikkje fullt så skummel.. Det følgjer med
ein perm med tips til korleis ein kan arbeide med denne sjangaren i klasserommet.

Her skal det vere ei bok til alle elevar - og til læraren også!
Dragen på bilete høyrer til prosjektet og fekk seg nokre flygeturar som
seg hør og bør i ein skuleklasse..

Pedsenteret må gratulere Knappskog skule med eit nytt og veldig
flott skulebibliotek! Som de ser av bileta er det ikkje heilt klart
enno, men det er ikkje vanskeleg å sjå at dette blir bra!


Stort, ope og friske fargar!