9. des. 2009

Klimatoppmøte i skulen!

I desse dagar skal verdas land bli einige om ein klimaavtale som skal sikre at
kloden vår vert bevart til framtidige genarasjonar. Kor store klimakutt må til?
Kven skal kutte mest? Har Noreg og Kina ulike syn på korleis ei slik avtale
bør sjå ut?

Her finn du eit undervisningsprogram som legger opp til at lærarar og elevar sjølv
gjennomfører eit minitoppmøte i klasserommet, kor elevane reprsenterer utvalgte
land med ulike interessar.

Klimatoppmøte i skulen kan nyttast både i naturfag, samfunnsfag eller som eit
tverrfagleg tema og høver godt for ungdomsskulen.

Få verda inn i klasserommet! Informasjon om dette undervisningsprogrammet er
sendt ut til alle skular. Alt materiale ligg fritt tilgjengeleg på http://miljolare.no/prosjekter/klimatopp/

4. des. 2009

What teachers make!

Video til å sjå på dager kor vi lurar på kvifor vi valgte å bli lærarar....
Gløym aldri at teachers make a god dam difference!

30. nov. 2009

Ver grei og forny låna dine om dei er i ferd med å gå ut på dato!



No står desember for døra med sine travle veker; juleavslutninar, kalendertrekking,
adventsstakar og pepperkakar.
Kanskje vert det også litt rydding både i klassrommet og på pulten til læraren....?
Då er det slik at materiale lånt frå pedsenteret trygt kan sendast tilbake med skuleposten
som går kvar torsdag. Legg posten frå deg i administrasjonen på skulen /bhg din, tydeleg
merka med "pedsenter", og så vil materialet bli innlevert.

Det er mogleg å låne ting over juleferien, men ver greie å be om fornying slik
at det ikkje vert raude tal på lånekontoen dykkar og utolmodige lærarkollegaer på venteliste :-)

Måtte desember bli ein triveleg månad for oss alle!

25. nov. 2009

Nytt klokkeslett på nettverkssamlinga for skulebibliotekarar!



Eg gler meg til vårt første skikkelege nettverksmøte for
skulebibliotekarar som går av stabelen i dag! :-)

Nytt klokkeslett: 14:15

For dei som ikkje hugser heilt, så skal vi altså møtast i
biblioteket på Ågotnes skule kor Rose vil ta i mot oss.

Vi sjåast!

13. nov. 2009

Veke 47 vert...



... ein stille veke her pedsenteret.
Eg er på konferanse heile veka og senteret vil difor vere ubetjent.
Men du kan likevel kome og låne med deg bøker og materiell!
Har du tinga lånekort kan dette hentast i skranken på biblioteket.
Har du ikkje lånekort får du også ordna dette i bibliotekskranken.

(NB! Det er kun digitalt utlån på pedsenteret no!)

Skuleposten går som vanleg - men det er kun tingingar som kjem
i løpet av denne fredagen som kjem med.

Ha ei fin veke!

30. okt. 2009

Nettverkssamling for skulebibliotekarar!



Velkommen på nettverkssamling for skulebibliotekarar på Ågotnes skule 25.11 kl. 13.30- 15.30
Vi møtast i biblioteket! :-)

Forslag til kva vi skal ta for oss denne dagen kan sendast på e-post til anne.lie3@fjell.kommune.no

Vel møtt!

22. okt. 2009

d & b: Del det du har, bruk det du får.




"Del og bruk 09 er eit nettverk for pedagogar, forskarar, byråkratar, bibliotekarar og andre med interesse for sosial web, IKT og skole. Del, øk og bruk din digitale kompetanse. Sammen er vi smartere!" (http://delogbruk.no)

Denne portalen er oppretta på privat initiativ av Ingunn Kjøl Wiig, norsklektor på Sandvika vgs. Målgruppa er lærarar, pedagogar, bibliotekarar og andre med tilknyting til skule og utdanning.
Mange av medlemane er framragande pedagogar og ressurspersonar innan sine fagfelt, og interessert i korleis IKT kan brukast på ein god måte i læringsarbeid.

Denne portalen blir det deltakarane gjer han til. Her kan du finna - og ikkje minst bidra med- gode ressursar.

Sjå innom: http://delogbruk.no

(Det er lov å berre kikka innom òg, ein treng ikkje nødvendigvis å registrera seg)

21. okt. 2009

Nye kulturfondbøker på veg til skulebiblioteka!

Ei ny ladning bøker for barn og ungdom er på veg til skulebiblioteka,

og kjem ut til dykk med skuleposten i morgon. Forsøk gjerne å få bøkene

på hylla ganske kjapt. Kva med å lage ei lita utstilling med desse nye bøkene?

Ta kontakt om du treng

hjelp til katalogisering eller anna! Lukke til!





12. okt. 2009

Digital sjølvbetjening!



Endeleg er det digital sjølvbetjening på pedsenteret!
Ved hjelp av eit lånekort og ein strekkodelesar plingar du bøkene
dine så lett som ingenting, og du slepp å sirleg føre opp alle låna dine
i ringpermen vi har nytta til no.

Mange har tinga lånekort allereie. Om du òg ønskjer lånekort, så
send meg ein e-post! Lånekorta må hentast ut her på pedsenteret.
(eller i bibliotekskranken om pedsenteret er ubetjent)

ALLE må altså ha eige lånekort for pedsenteret! (og nei... det hjelper
diverre ikkje om du alt har lånekort for biblioteket..) :-)

7. okt. 2009

Fantasyprosjekt og flott bibliotek!

Då har fantasyprosjektet vore på utlån for første gong hos
6. klasse på Knappskog skule. Det kunne nok ha vore enno fleire lettlestbøker,
noko som seier at prosjektet kanskje passar best for 7. trinn og oppover.
Men dette kan løysast ved at pedsenteret sender ved nokre ekstra bøker saman med
prosjektet, så prosjektet kan heilt fint gjennomførast på dette trinnet òg.

Utover det var det berre positive tilbakemeldingar.
Klassen innførte Lesekvarten den månaden dei låne prosjektet
- og fekk inn så gode rutinar at dei fortsetter med det. Fleire av elevane
fekk smaken på fantasybøker og tinga bøker frå pedsenteret. Det er flott!
Målet med leseprosjekt er jo nettopp å vekkje leselyst!

6. klasse laga fin fantasyutstilling i klasserommet.
Mykje betre enn at bøkene vert liggande i kassar på golvet!

Prosjektet består av alle typar fantasybøker: tjukke, tynne, liten skrift,
stor skrift, kjempeskummel og ikkje fullt så skummel.. Det følgjer med
ein perm med tips til korleis ein kan arbeide med denne sjangaren i klasserommet.

Her skal det vere ei bok til alle elevar - og til læraren også!
Dragen på bilete høyrer til prosjektet og fekk seg nokre flygeturar som
seg hør og bør i ein skuleklasse..

Pedsenteret må gratulere Knappskog skule med eit nytt og veldig
flott skulebibliotek! Som de ser av bileta er det ikkje heilt klart
enno, men det er ikkje vanskeleg å sjå at dette blir bra!


Stort, ope og friske fargar!

29. sep. 2009

Eg kan!



Eg skriv ikkje fint, og eg les ikkje fort,
Så meg er det lett nok å terge.
Men gjeld det å springe av stad som ein hjort
å dukke i elva
å klatre…
Jau, det kan eg greie, ja det går nok an
om nokon vil seie dei trur at eg kan!

Eg somlar og rotar, sit aldri i fred,
eg får nok aldri ferdig ei lekse.
Men gjeld det å lokka ei mor til å le,
ein hund til å danse,
ein blom til å vekse…
Jau, det kan eg greie, ja det går nok an
om nokon vil seie dei trur at eg kan!

Eg greier mest aldri å fanga ein ball,
eg spring nok, men stega er tunge.
Men gjeld det å stella ein hest i ein stall,
ein sjuk i ei seng
og ein ørliten unge…
Jau, det kan eg greie, ja det går nok an
om nokon vil seie dei trur at eg kan!

(Ingvar Moe)

16. sep. 2009

Smakebitar frå haustens nyheiter!

Ped. senteret har no fått inn ei rekkje nye bøker.
Her er nokre smakebitar!

"Kjønnsdiskursar i barnehagen". Forfattarane tek for seg
konkrete metodar for korleis vi kan arbeide med verdiane
likestilling og likeverd i det daglege pedagogiske arbeidet.



Bibelen på 100 minutter - bok og lydbok.



"Veiledning i tilpasset opplæring":



Boka "Kroppen i lek og læring" diskuterer barns kroppslege veremåte i lek og læring:



Så over til matematikkfaget:
"Divisjon for mellomtrinnet" og "Multiplikasjon for mellomtrinnet"
inneheldt døme, oppgåver og fasit. Bøkene er godt egna for elevar som treng øving
i desse rekneartane.





"Alfa" er ei matematikkbok for lærarstudentar, men som egnar seg godt for lærarar som
ønskjer å vite meir om notidas forventningar til matematikkfaget; frå puggeskulen har vi bevega oss mot ei oppfatning av at meistring handlar både om dugleik og forståing - og at forståinga ikkje alltid kjem først.. Det faglege aspektet har stor plass og oppgåvene inviterer til didaktisk refleksjon på fleire nivå.

4. sep. 2009

Nytt leseprosjekt klart for utlån!

Leseprosjektet i FANTASY skal stimulere til lesing,
gje elevane kunnskap om sjangeren fantasy, kunnskap om aktuelle bøker og forfattarar,
utvikle eleven sin kompetanse i lesing og ikkje minst;

gje leseglede!



Prosjektet er satt saman av fantasylitteratur som høver til
gjennomføring på mellom- og ungdomstrinnet. Litteraturutvalet
er variert og skal passe for elevar som er på ulike trinn i leseutvikling og har ulike interesser.
Her er det godt mogleg å finne rett bok til rett elev!

Prosjektet inneheldt 64 bøker og ei digibok.
Nokre er delar av ein serie, nokre er enkeltståande
bøker og nokre bøker kjem i fleire eksemplar.
Her er bøker på begge målføre.



Til prosjektet høyrer duk, drage og bokstøtter slik at ein kan
lage ei flott utstilling i klasserommet.



I tillegg høyrer det med ein perm med bokpresentasjoner
som fortel litt om bøkene.



Perm med bokpresentasjoner, lærarrettleiing med forslag til
praktisk gjennomføring av prosjektet, bokliste

og hefter som tek for seg kjende fantasyforfattarar....:


Leseprosjektet er eit komplett undervisningsprogram i fantasysjangaren.

Alt er pakka i tre praktiske kassar med lokk som berre ventar på
å kome til nettopp DIN klasse! :-)

26. aug. 2009

Læreverket Multi komplett!




Endeleg har pedagogisk senter eit fullstendig læreverk i matematikk
for 1-7 trinn. Dei ulike forlaga tar seg god tid med å utgje lærebøker
etter den nye læreplanen, så difor har det vore fleire "hol" i rekkja
av lærebøker både her og ute i skulane.

Multi er nå på plass på hylla og kan tingast via e-post eller telefon.
(det er sjølvsagt òg mogleg å kome innom og hente det ein måtte ha bruk for! :-) )

Tips! Dei fleste nye læreverka har no kjekke og nyttige heimesider som kan nyttast av både lærar og elevar. Ofte kan ein finne oppgåver og anna som ein ikkje finn i bøkene, men som er knytta til innhald.

21. aug. 2009

Skolelydbok - Huseby kompetansesenter

Fleire lærarar har etterlyst skuleverk på lydbok.
Her kan de lese meir om korleis dette er å få tak i.

Klippa frå nettstaden til Huseby kompetansesenter:

"Huseby kompetansesenter har ansvar for produksjon og distribusjon av tilpassede lydbøker for grunnopplæringen. Det tilbys utlån av bøker til synshemmede elever, lesehemmede elever samt elever med nedsatt førlighet.Lydbøkene distribueres i DAISY-formatet, et lydbokformat som tilbyr meget gode muligheter for navigasjon i lærestoffet."

20. aug. 2009

Velkomen til nytt skuleår!


Velkomen til pedagogisk senter!
Ped.senteret ligg i store, lyse lokaler innerst i biblioteket på Sartor Senter,
og er eit ressurstilbod til alle som arbeider i skule, barnehagar eller med
anna opplæring her i Fjell kommune.

Her finn du skulemateriell av mange slag: skuleverk, fagbøker, spesialpedagogisk
materiale, skjønnlitteratur (eg lagar klassebibliotek om du ønskjer det!), filmar, lydbøker og mykje meir! Skal du til dømes ha eit aktiv uteår med elevane dine..? Då kan du låne lavvo, gapahuk, gps`ar, fotoapparat og bålpanne.
Skal de til sjøen? Ta med håv, luper, bøtter og bestemmelsesdukar for smådyr.

Kom gjerne innom for ein kikk og ein prat! Er det noko du ønskjer at ped.senteret skal kjøpe inn?
Send tipset på e-post! Tingingar kan òg skje via e-post (pedagogisksenter@fjell.kommune.no).
Vi køyrer materiellet ut til skulen din, og henter det når du er ferdig med det...

Helsing Anne Mette

24. juni 2009

Første skulepostutkøyring...




...vert torsdag 13. august.

18. juni 2009

Sommar på pedagogisk senter!




Til trass for låg temperatur og kald nordavind
er det no sommartid på pedagogisk senter.
Vi har stengt kvar onsdag og laurdag
og i heile juli vil senteret vere ubemanna.
For dei som ønskjer å førebu seg til hausten og skulestart,
så vil sjølvbetjeningsskranken fungere som normalt.

Hugs å sende inn lånt materiale med skuleposten i dag eller neste torsdag!
Om du ønskjer å forlenge låna dine, så kan det gjerast ved ein telefon til biblioteket
eller ped.senteret - eller via ein e-post.

Ha ein riktig fin sommar!

27. mai 2009

Flinke 5. - klassingar på Landro skule!


I dag har Frede Torsheim (frå skulelab., UiB) og eg vore på skulebesøk på Landro skule.
5. klassane skulle vise oss korleis dei hadde arbeidd i etterkant av turen dei hadde til vitensenteret Vil Vite i Bergen for nokre veker sidan.

5 A og B fekk ein gratis dag på Vil Vite (inkludert buss!) mot at dei fulgte undervisningsprogrammet som Frede og eg har laga. Emnet var Vèr og elevane arbeidde med temaet i god tid i forkant av byturen, og var på det viset godt førebudd.

Kvar gruppe hadde hovudansvar for ein stasjon. Elevane skulle dokumentere arbeidet sitt med digitale fotoapparat - inga skriving på lause ark var naudsynt. Tilbake på skulen skulle bileta og filmane setjast saman til ein PowerPoint-ramsyning, og elevane imponerte stort! Dette arbeidet er heilt i tråd med målsetningane i Kunnskapsløftet.

Her er nokre få av dei mange gode bileta vi såg i dag:


Ordet "klima" tyder "å helle".



Klassane lånte nedbørsmålare frå pedagogisk senter og målte nedbøren på Landro.
Denne gruppa laga ein tilsvarande statistikk om nedbøren i Bergen - basert på
tal frå Yr.no.


Når nokon snakkar, høyrer vi andre godt etter!


Vannets krinsløp er ikkje enkelt å forstå.
Denne gruppa hadde funne ein fin skisse som syner det heile, og skreve greie stikkord til.


Undervisningsprogrammet "Vèr" er meint for mellomtrinnet. I programmet fins plan for forarbeid, oppgåver til sjølve besøket på vitensenteret og døme på korleis ein kan arbeide i etterkant av eit slikt besøk. Bøker og ein rekkje konkretiseringsmateriale (vindmålar, nedbørsmålar, digitale fotoapparat) kan lånast på pedagogisk senter.

20. mai 2009

Ikkje skulepost frå ped.senteret denne veka


Algrøy skule på sommaravslutning på Langøy, eit bilete som gjev sommarstemning!

Mai har mange gode fridagar,
og ein av dei fell på torsdagen denne veka.
Så sjølv om det er litt tingingar denne veka, vert det ikkje køyrd ut noko frå ped.senteret før torsdag 28.mai.

Det er framleis tid til å komme med tingingar til den neste skuleposten! :-)




13. mai 2009

Læringsplakaten



Skolen og lærebedriften skal:
  • gi alle elever og lærlinger/lærekandidater like muligheter til å utvikle sine evner og talenter individuelt og i samarbeid med andre
  • stimulere elevenes og lærlingenes/lærekandidatenes lærelyst, utholdenhet og nysgjerrighet
  • stimulere elevenes og lærlingenes/lærekandidatene til å utvikle egne læringsstrategier og evne til kritisk tenkning
  • stimulere elevene og lærlingene/lærekandidatene i deres personlige utvikling og identitet, i det å utvikle etisk, sosial og kulturell kompetanse og evne til demokratiforståelse og demokratisk deltakelse
  • legge til rette for elevmedvirkning og for at elevene og lærlingene/lærekandidatene kan foreta bevisste verdivalg og valg av utdanning og fremtidig arbeid
  • fremme tilpasset opplæring og varierte arbeidsmåter
  • stimulere, bruke og videreutvikle den enkelte lærers kompetanse
  • bidra til at lærere og instruktører fremstår som tydelige ledere og som forbilder for barn og unge
  • sikre at det fysiske og psyko-sosiale arbeids- og læringsmiljøet fremmer helse, trivsel og læring
  • legge til rette for samarbeid med hjemmet og sikre foreldres/foresattes medansvar i skolen
  • legge til rette for at lokalsamfunnet blir involvert i opplæringen på en meningsfylt måte

4. mai 2009

Skuleposten kjem i dag!


Skuleposten er som de veit litt forsinka, men kjem i dag!


Bøkene til skulebiblioteka kjem imidlertid ikkje før torsdag denne veka,
saman med denne vekas tingingar.
Frist for tinging av materiell som skal sendast ut denne veka er
i morgon kl. 16.00.
Ha ei fin veke!




30. apr. 2009

Det er du som bestemmer!



Alle norske barn bruker PC. Tre av fire bruker Internett kvar dag. Unge mellom 8 og 18 år bruker nå meir tid på Internett enn de gjør på TV. Den nye generasjonen vert gjerne kalla dei ”digitalt innfødde”. Internett er ein integrert del av kvardagen vår.

No lanserar Teknologirådet, Utdanningsdirektoratet og Datatilsynet eit nytt undervisningsprogram skreddersydd for elevar frå 9 til 13 år. Brosjyrar kan tingast eller lastast ned HER, og dei finst på båe målformar.

29. apr. 2009

Nye bøker på veg til skulebiblioteka!



Himmelspringaren er berre ei av mange flotte bøker som skuleposten leverer til skulebiblioteka i morgon! Vi vonar at bøkene snart vert merka og lagt ut for lån. Lukke til!

"På ein gard, langt inne i ein fjord, blir det ein dag fødd eit lilla lam

Dei andre sauene vil ikkje ha noko med lammet å gjere. Sjølv mora vender seg bort. Når dei andre dreg til fjells,
må Lilla bli att heime saman med Gammelsauen. Men utpå sommaren får Gammelsauen likevel dra til fjells, kan hende for aller siste gong. Og Lilla får bli med ..."

Sissel Horndal fortel med glimt og brodd, både i tekst og illustrasjonar. Ei rørande historie om venskap, heltemot og saueliv.

Tildelt nynorsk barnelitteraturpris, 2008.

4-8 år
På nynorsk

28. apr. 2009

Purring på veg i posten!



I desse dagar er det purring på veg i posten til nokon av dykk.
Om de finn at noko ikkje stemmar, så ta kontakt på e-post eller telefon.
Hugs at alt materiell kan sendast attende til ped.senteret med skuleposten som går kvar torsdag.


23. apr. 2009

Ped.senteret markerer Verdas Bokdag!



Pedagogisk senter og biblioteket markerer Verdas Bokdag på stand ved informasjonen på
Sartor Senter frå kl. 12-16.

Temaet er friluftsliv og ped.senteret syner fram ein del av materialet sitt som
lavvo, kart, GPS`er, kompass, bøtter, uteskulemateriell og mykje meir. Biblioteket
har med seg mange flotte bøker som inspirerar til å ta turen ut i skog og mark.

Om du slår av ein prat med oss kan du få med deg litt frisk frukt i handa. Vi snakkast!


22. apr. 2009

Normale tilstander på ped.senteret



Som mange har fått med seg vart pedagogisk senter hardt råka av vannlekkasje rett før påske.
Ein god del materiale gjekk tapt; vi mista mange bøker. Stablane med dei klissvåte og totalt øydelagde bøkene var eit trist syn...

No er vannet vekke og vi er komen langt i oppryddinga. Store vifter står på døgnet rundt for å gje best mogleg tørke. Dette inneber støy for dei som vil sitje her på ped.senteret og arbeide, så nett no er nok ikkje dette den beste leseplassen.. Biblioteket har grupperom som kan lånast.

Skuleposten går sjølvsagt òg som normalt. Minner om at frist for tinging er tysdag den veka materialet skal ut.

Ring eller send e-post om du har spørsmål eller ønskje om å låne noko.
- og du er sjølvsagt særs velkomen innom! :-)

6. apr. 2009

Redusert utlånsvirksomhet





Pedagogisk senter har vore råka av ei stor og alvorleg vannlekkasje og det vil difor vere
redusert utlånstilbod her den næraste tida.



3. apr. 2009

Opningstider i påskeveka





Laurdag 4. april 10.00 - 14.00
Lesesal og grupperom er opne frå
kl 09.00, ring på!


Måndag 6. april 11.00 - 16.00


Tysd 7. april 11.00 - 16.00


Onsdag 8. april 10.00 - 12.00


Påskeafta 11. april Stengt


2. påskedag Stengt

1. apr. 2009

Konferanse om likestilling i barnehage og skule



Måndag og tysdag denne veka var eg til stades på den nasjonale konferansen
om likestilling i barnehage og skule som fann stad i Bergen.
Gode innleiarar satte i gong gode tankeprosessar hjå dei 200 deltakarane (kor 50 var menn og resten kvinner).

Powerpointane som vart nytta under konferansen vil verte lagt ut på Hordaland fylke si heimeside under fylkesmannen.






18. mars 2009

The Kon-Tiki Man



Desse flotte filmane om Thor Heyerdahl kan no lånast på pedagogisk senter.
Det kan lønne seg å vere snar med å bestille! :-)

Før begynnelsen
Kulturens vugge
Reeds in the wind
Den trolldomsaktige Påskeøya
Billett til paradiset

Nynorsk




Frå tid til anna vert nynorskbruken hjå dei tilsette i kommunen vår diskutert i dei lokale media.
Somme vert kanskje litt bekymra for si eiga nynorsk - slik som underteikna.
Her er ein glimrande lenke for dei av oss som kan ha nytte av å friske opp grammatikken.

Lukke til!

12. mars 2009

Days that shook the world



"Denne serien viser sentrale historiske hendelser over de siste 100 årene. Med hele
23 episoder som inneholder en kombinasjon av originale opptak av hendelser så vel som
en gjeninnspilling av hendelsen sett gjennom øynene til mennesker som var involvert i de
historiske dagene."

DVD1: Kroningen av Dronning Elizabeth II - Dianas død
DVD2: Mordet på Erkehertug Ferdinand - Hitlers død
DVD3: Mordet på Martin Luther King - Løslatelsen av Nelson Mandela
DVD4: Hiroshima
DVD5: Mordene på Romanov famlien - Berlinmurens fall
DVD6: Krystallnatten - Staten Israel
DVD7: Tutankhamuns grav - Rosetta-steinen
DVD8: Black September - Lockerbie
DVD9: Den første kjernefysiske reaksjonen - Tsjernobyl
DVD10: Mordet på John F. Kennedy - Nixons avgang
DVD11: Marconis første transatlantiske radio sending -
Concordes første transatlantiske Flygning
DVD12: Chuck Yeager - Blue Bird


Målgruppe:
ungdomsskulen

26. feb. 2009

Jenter

Masha og Iselin går i 9. klasse og er bestevenninner. De smugrøyker, kysser og klemmer.
De hater sossene på skolen og trekkes mot det farlige.

Men noe skjer i sommerferien.
Ved skolestart kommer Iselin hånd i hånd med Maria - en av de flinke og rosa jentene.
De to gamle bestevenninnene begynner å skli fra hverandre.

Iselin vil som Mahsa finne seg selv. Begge to velger den vanskeligste veien.
De utforsker grensene for hva som er akseptert og overskrider dem en etter en.

Dette er en film om makt mellom jenter. En kamp om å bli sett og hørt, om å få utfolde seg
med sin egen stemme.


23. feb. 2009

Nytt tidsskrift!



I tida framover vil pedagogisk senter kunne tilby ei rekkje interessante tidsskrift.
Glade barn i barnehagen er eit spesialmagasin med høg fagleg profil.
Gjennom tett samarbeid med ulike fagmiljø skal bladet bidra til ein god barnehagekvardag for barna, foreldra og dei ansatte i barnehagen.

Du kan få det første nummeret i 2009 levert med skuleposten torsdag denne veka! :-)