27. mai 2009

Flinke 5. - klassingar på Landro skule!


I dag har Frede Torsheim (frå skulelab., UiB) og eg vore på skulebesøk på Landro skule.
5. klassane skulle vise oss korleis dei hadde arbeidd i etterkant av turen dei hadde til vitensenteret Vil Vite i Bergen for nokre veker sidan.

5 A og B fekk ein gratis dag på Vil Vite (inkludert buss!) mot at dei fulgte undervisningsprogrammet som Frede og eg har laga. Emnet var Vèr og elevane arbeidde med temaet i god tid i forkant av byturen, og var på det viset godt førebudd.

Kvar gruppe hadde hovudansvar for ein stasjon. Elevane skulle dokumentere arbeidet sitt med digitale fotoapparat - inga skriving på lause ark var naudsynt. Tilbake på skulen skulle bileta og filmane setjast saman til ein PowerPoint-ramsyning, og elevane imponerte stort! Dette arbeidet er heilt i tråd med målsetningane i Kunnskapsløftet.

Her er nokre få av dei mange gode bileta vi såg i dag:


Ordet "klima" tyder "å helle".



Klassane lånte nedbørsmålare frå pedagogisk senter og målte nedbøren på Landro.
Denne gruppa laga ein tilsvarande statistikk om nedbøren i Bergen - basert på
tal frå Yr.no.


Når nokon snakkar, høyrer vi andre godt etter!


Vannets krinsløp er ikkje enkelt å forstå.
Denne gruppa hadde funne ein fin skisse som syner det heile, og skreve greie stikkord til.


Undervisningsprogrammet "Vèr" er meint for mellomtrinnet. I programmet fins plan for forarbeid, oppgåver til sjølve besøket på vitensenteret og døme på korleis ein kan arbeide i etterkant av eit slikt besøk. Bøker og ein rekkje konkretiseringsmateriale (vindmålar, nedbørsmålar, digitale fotoapparat) kan lånast på pedagogisk senter.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar