29. sep. 2009

Eg kan!



Eg skriv ikkje fint, og eg les ikkje fort,
Så meg er det lett nok å terge.
Men gjeld det å springe av stad som ein hjort
å dukke i elva
å klatre…
Jau, det kan eg greie, ja det går nok an
om nokon vil seie dei trur at eg kan!

Eg somlar og rotar, sit aldri i fred,
eg får nok aldri ferdig ei lekse.
Men gjeld det å lokka ei mor til å le,
ein hund til å danse,
ein blom til å vekse…
Jau, det kan eg greie, ja det går nok an
om nokon vil seie dei trur at eg kan!

Eg greier mest aldri å fanga ein ball,
eg spring nok, men stega er tunge.
Men gjeld det å stella ein hest i ein stall,
ein sjuk i ei seng
og ein ørliten unge…
Jau, det kan eg greie, ja det går nok an
om nokon vil seie dei trur at eg kan!

(Ingvar Moe)

16. sep. 2009

Smakebitar frå haustens nyheiter!

Ped. senteret har no fått inn ei rekkje nye bøker.
Her er nokre smakebitar!

"Kjønnsdiskursar i barnehagen". Forfattarane tek for seg
konkrete metodar for korleis vi kan arbeide med verdiane
likestilling og likeverd i det daglege pedagogiske arbeidet.



Bibelen på 100 minutter - bok og lydbok.



"Veiledning i tilpasset opplæring":



Boka "Kroppen i lek og læring" diskuterer barns kroppslege veremåte i lek og læring:



Så over til matematikkfaget:
"Divisjon for mellomtrinnet" og "Multiplikasjon for mellomtrinnet"
inneheldt døme, oppgåver og fasit. Bøkene er godt egna for elevar som treng øving
i desse rekneartane.





"Alfa" er ei matematikkbok for lærarstudentar, men som egnar seg godt for lærarar som
ønskjer å vite meir om notidas forventningar til matematikkfaget; frå puggeskulen har vi bevega oss mot ei oppfatning av at meistring handlar både om dugleik og forståing - og at forståinga ikkje alltid kjem først.. Det faglege aspektet har stor plass og oppgåvene inviterer til didaktisk refleksjon på fleire nivå.

4. sep. 2009

Nytt leseprosjekt klart for utlån!

Leseprosjektet i FANTASY skal stimulere til lesing,
gje elevane kunnskap om sjangeren fantasy, kunnskap om aktuelle bøker og forfattarar,
utvikle eleven sin kompetanse i lesing og ikkje minst;

gje leseglede!



Prosjektet er satt saman av fantasylitteratur som høver til
gjennomføring på mellom- og ungdomstrinnet. Litteraturutvalet
er variert og skal passe for elevar som er på ulike trinn i leseutvikling og har ulike interesser.
Her er det godt mogleg å finne rett bok til rett elev!

Prosjektet inneheldt 64 bøker og ei digibok.
Nokre er delar av ein serie, nokre er enkeltståande
bøker og nokre bøker kjem i fleire eksemplar.
Her er bøker på begge målføre.



Til prosjektet høyrer duk, drage og bokstøtter slik at ein kan
lage ei flott utstilling i klasserommet.



I tillegg høyrer det med ein perm med bokpresentasjoner
som fortel litt om bøkene.



Perm med bokpresentasjoner, lærarrettleiing med forslag til
praktisk gjennomføring av prosjektet, bokliste

og hefter som tek for seg kjende fantasyforfattarar....:


Leseprosjektet er eit komplett undervisningsprogram i fantasysjangaren.

Alt er pakka i tre praktiske kassar med lokk som berre ventar på
å kome til nettopp DIN klasse! :-)