28. jan. 2010

Bokanbefalingar!


Sist veke hadde dei skulebibliotekansvalege samling på Ulveseth skule.
På kvar nettverksamling har dei ansvalege med seg bøker dei vil anbefale. Her er nokre døme
på kva for bøker som fekk god kritikk kring bordet denne gongen:




Malice er første bok i ein sjangersprengjande ny serie frå forfattaren Chris Wooding. Malice - halvt teikneserie, halvt roman, tek lesaren med inn i ein skummel teikneserieverd, kor uhyggjestemninga kjem krypande frå første side!




Passer godt for alderen 10 år og oppover.







Taynikma er ein nyskapning på det norske markedet- halvt mangateikneserie- halvt roman, som får barn som vanligvis ikkje leser, til å
knekkje lesekoden.

Serie. Kvar bok inneheldt åtte siders teikneskule der ein kan lære å teikne i "mangastil". Teikneskulen og serien har eigen nettstad.

For barn i alderen 7-13 år.












Lasse-Majas detektivbyrå er barnas favorittdetektiver og topper stadig barneboklistene. For barn i alderen 7-10 år.











Forlaget skriver om Sølvrevene:

"Kjenner du Stedet Med Broene? Der bor Sille Steen. Sille er nesten usynlig - det er ingen som riktig ser henne. Men denne dagen i desember er det verre enn ellers. Hun knuser et glass, hun kommer for sent på skolen og hun prater i timene, men ingen legger merke til henne. Det er som om hun ikke finnes. Kan hun rett og slett være død?"

Eit magisk eventyr om venskap og mot frå julia Lossius Kahrs. Småskuletrinnet.
Du kan bla i boka her.






Vaffelhjarte av Maria Parr vart gitt ut i 2005, men er framleis ei populær bok.
Parr vert samanlikna med Astrid Lindgren, og om du ikkje kjenner bøkene hennar enno, så spring til biblioteket!

I Vaffelhjarte følgjer vi to svært oppfinnsame niåringar gjennom liv og vaffelrøre eit heilt år, der dei leikar andre verdskrig, opptrer som gatemusikantar, går på sauesanking og lagar Noas Ark. Men ein dag vert idyllen brått vekke.

Frå ca. 7 år.






Maria Pass si Tonje Glimmerdal vart vinnar av Brageprisen 2009!

I denne boka er det latter, drama, tårer og musikk og også denne romanen vert samanlikna med Astrid Lindgren sine univers. Du kan bla i boka her.


Frå ca. 7 år.





Pissemaurbittet er ein ny serie. Dette er historia om vesle, tjukke Pelle som går i 6. klasse. Han er hakkekyllingen i skulegarden og Terror-Tvillingene sitt ynglingsoffer. Ein dag vert Pelle bitt av ein pissemaur og vert forvandla til superhelten Antboy - Maurguten. Men det er ikkje like lett å vere superhelt i ein roleg dansk by..

Mellomtrinnet.

14. jan. 2010

Påminning!


Onsdag 20.01.10 kl. 14:15 
er det nettverksmøte for skulebibliotekarar på
Ulveseth skule. Har du tips til kva vi skal ta opp denne dagen, så send
meg ein e-post! Fint om du òg melder fra om du kjem eller ikkje!