7. okt. 2009

Fantasyprosjekt og flott bibliotek!

Då har fantasyprosjektet vore på utlån for første gong hos
6. klasse på Knappskog skule. Det kunne nok ha vore enno fleire lettlestbøker,
noko som seier at prosjektet kanskje passar best for 7. trinn og oppover.
Men dette kan løysast ved at pedsenteret sender ved nokre ekstra bøker saman med
prosjektet, så prosjektet kan heilt fint gjennomførast på dette trinnet òg.

Utover det var det berre positive tilbakemeldingar.
Klassen innførte Lesekvarten den månaden dei låne prosjektet
- og fekk inn så gode rutinar at dei fortsetter med det. Fleire av elevane
fekk smaken på fantasybøker og tinga bøker frå pedsenteret. Det er flott!
Målet med leseprosjekt er jo nettopp å vekkje leselyst!

6. klasse laga fin fantasyutstilling i klasserommet.
Mykje betre enn at bøkene vert liggande i kassar på golvet!

Prosjektet består av alle typar fantasybøker: tjukke, tynne, liten skrift,
stor skrift, kjempeskummel og ikkje fullt så skummel.. Det følgjer med
ein perm med tips til korleis ein kan arbeide med denne sjangaren i klasserommet.

Her skal det vere ei bok til alle elevar - og til læraren også!
Dragen på bilete høyrer til prosjektet og fekk seg nokre flygeturar som
seg hør og bør i ein skuleklasse..

Pedsenteret må gratulere Knappskog skule med eit nytt og veldig
flott skulebibliotek! Som de ser av bileta er det ikkje heilt klart
enno, men det er ikkje vanskeleg å sjå at dette blir bra!


Stort, ope og friske fargar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar