Alle norske barn bruker PC. Tre av fire bruker Internett kvar dag. Unge mellom 8 og 18 år bruker nå meir tid på Internett enn de gjør på TV. Den nye generasjonen vert gjerne kalla dei ”digitalt innfødde”. Internett er ein integrert del av kvardagen vår.
30. apr. 2009
Det er du som bestemmer!
No lanserar Teknologirådet, Utdanningsdirektoratet og Datatilsynet eit nytt undervisningsprogram skreddersydd for elevar frå 9 til 13 år. Brosjyrar kan tingast eller lastast ned HER, og dei finst på båe målformar.
29. apr. 2009
Nye bøker på veg til skulebiblioteka!
Himmelspringaren er berre ei av mange flotte bøker som skuleposten leverer til skulebiblioteka i morgon! Vi vonar at bøkene snart vert merka og lagt ut for lån. Lukke til!
"På ein gard, langt inne i ein fjord, blir det ein dag fødd eit lilla lam
Dei andre sauene vil ikkje ha noko med lammet å gjere. Sjølv mora vender seg bort. Når dei andre dreg til fjells,
må Lilla bli att heime saman med Gammelsauen. Men utpå sommaren får Gammelsauen likevel dra til fjells, kan hende for aller siste gong. Og Lilla får bli med ..."
Sissel Horndal fortel med glimt og brodd, både i tekst og illustrasjonar. Ei rørande historie om venskap, heltemot og saueliv.
Tildelt nynorsk barnelitteraturpris, 2008.
4-8 år
På nynorsk
28. apr. 2009
23. apr. 2009
Ped.senteret markerer Verdas Bokdag!
Pedagogisk senter og biblioteket markerer Verdas Bokdag på stand ved informasjonen på
Sartor Senter frå kl. 12-16.
Temaet er friluftsliv og ped.senteret syner fram ein del av materialet sitt som
lavvo, kart, GPS`er, kompass, bøtter, uteskulemateriell og mykje meir. Biblioteket
har med seg mange flotte bøker som inspirerar til å ta turen ut i skog og mark.
Om du slår av ein prat med oss kan du få med deg litt frisk frukt i handa. Vi snakkast!
22. apr. 2009
Normale tilstander på ped.senteret
Som mange har fått med seg vart pedagogisk senter hardt råka av vannlekkasje rett før påske.
Ein god del materiale gjekk tapt; vi mista mange bøker. Stablane med dei klissvåte og totalt øydelagde bøkene var eit trist syn...
No er vannet vekke og vi er komen langt i oppryddinga. Store vifter står på døgnet rundt for å gje best mogleg tørke. Dette inneber støy for dei som vil sitje her på ped.senteret og arbeide, så nett no er nok ikkje dette den beste leseplassen.. Biblioteket har grupperom som kan lånast.
Skuleposten går sjølvsagt òg som normalt. Minner om at frist for tinging er tysdag den veka materialet skal ut.
Ring eller send e-post om du har spørsmål eller ønskje om å låne noko.
- og du er sjølvsagt særs velkomen innom! :-)
6. apr. 2009
Redusert utlånsvirksomhet
Pedagogisk senter har vore råka av ei stor og alvorleg vannlekkasje og det vil difor vere
redusert utlånstilbod her den næraste tida.
3. apr. 2009
1. apr. 2009
Konferanse om likestilling i barnehage og skule
Måndag og tysdag denne veka var eg til stades på den nasjonale konferansen
om likestilling i barnehage og skule som fann stad i Bergen.
Gode innleiarar satte i gong gode tankeprosessar hjå dei 200 deltakarane (kor 50 var menn og resten kvinner).
Powerpointane som vart nytta under konferansen vil verte lagt ut på Hordaland fylke si heimeside under fylkesmannen.
Abonner på:
Innlegg (Atom)