Velkommen på nettverkssamling for skulebibliotekarar på Ågotnes skule 25.11 kl. 13.30- 15.30
Vi møtast i biblioteket! :-)
Forslag til kva vi skal ta for oss denne dagen kan sendast på e-post til anne.lie3@fjell.kommune.no
Ressurssenter for pedagogar i Fjell kommune.
Ei ny ladning bøker for barn og ungdom er på veg til skulebiblioteka,
og kjem ut til dykk med skuleposten i morgon. Forsøk gjerne å få bøkene
på hylla ganske kjapt. Kva med å lage ei lita utstilling med desse nye bøkene?
Ta kontakt om du treng
hjelp til katalogisering eller anna! Lukke til!
Arbeider du som pedagog i Fjell kommune er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt med ped.senteret.
Du kan kome innom i opningstida, ringe (55 09 69 18) eller sende e-post:
(pedagogisksenter@fjell.kommune.no)
Velkomen!
Opningstider:
Måndag 11-16
Tysdag 11-19
Onsdag 11-16
Torsdag 11-19
Fredag 11-16
Laurdag 10-14
Det er sjølvbetjent utlån når rettleiar ikkje er til stades. Ped.senteret køyrer ut tinga materiell til skular og barnehagar kvar torsdag. Materiell som skal ut med skuleposten må vere tinga innan tysdag den veka det skal ut.