29. apr. 2010

Ønskjeliste...?

Pedsenteret har no fått inn mykje ny faglitteratur!
Straks eg har klargjort bøkene for utlån, så skal eg leggje dei ut på bloggen her...
Det er ikkje berre bøker eg har fått inn - tre dvd`er om adhd er også komen inn!
Dette er eit område kor pedsenteret har hatt lite materiell...  no har det kome inn ein god del
titlar på dette emnet. Eg har særleg prioritert å finne litteratur som omhandlar jenter og adhd,
fordi mange av oss ikkje kan så mykje om kva som skiller jenter og guter på dette området...

Rett som det er får eg tips frå lærare om  kjekke bøker. Det vert eg veldig glad for, og eg vil 
oppmode dykk alle om å tipse om gode bøker eller anna materiell som pedsenteret kan ta inn.

Ha ein fin torsdag - til tross for regn og vind! :-)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar